Ei stolt bygd som Stryn treng ein designpaviljong som matcher egoet.


Merkevara Stryn var sterk lenge før den rosa fiskeskøyta la frå kai med Moods of Norway sitt stadig veksande imperium – frå inst i Nordfjorden kjem landslagsspelarar i fotball, internasjonale merkevarer, sterk møbeltradisjon og eit rikt næringsliv som i generasjonar har tatt i bruk design.

Med bla.a. sterke namn som Ricco Vero, Skogstad Sport og Moods of Norway gjekk heile interiør- og designbransjen i Stryn saman om eit felles prosjekt – Design Stryn. I pilotåret 2010 satsa aktørane produkt og arbeidsinnsats til ein samla verdi av 3 millionar for å gjere Design Stryn kjent. Målet med samarbeidet er å forsterke designsatsinga med ei samlande plattform samt bygge vidare på dei positive assosiasjonane Stryn er kjent for.

Det som i utgangspunktet var eit prøveprosjekt for å få i gang ei gryande satsing i bygda, endte opp som ei storsatsing. Med visjonar om å strekke tanken internasjonalt har dette påvirka både design og innhald og samtidig vore med på å få med fleire av dei større aktørane. Farmhouse sitt årlege sommarbyrå med 4 designstudentar sto for design av den grafiske profilen og designhuset.

Målsetjinga med designet er å gjenskape Stryn si historie, vakre natur og lange tradisjon innen design og kombinere dette med nytenkande arkitektur som kan vekka internasjonal merksemd.
Resultatet er eit uttrykk og ei form som fremjer og forsterkar designaktørane i Stryn - eit framtidsretta verk med detaljar frå bygda. Den vakre naturen finn ein igjen i både utforminga av standen og den grafiske profilen. Lokal forankring har vore eit viktig stikkord i det kreative arbeidet – alt som kan sjåast på standen samt byggmateriell og interiør er levert frå bedrifter i Stryn.

Prosjektet er gjennomført av Farmhouse sitt studentbaserte sommarbyrå. Gjennom seks heftige veker sommaren 2010 vart DesignStryn til, designa av

Carina Sandström (stand)
Hanna Liljenberg (stand)
Mette Marit Breivik (grafisk)
Kristian Allan Larsen (grafisk)